Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Kanskje er du vår nye kollega? Vi har ledig; 1 x 100 % fast stilling, oppstart snarast eller etter avtale 1 x 80 % fast stilling, oppstart 02.11.26 eller etter avtale Stillingane er for tida knytte til natt , men vi er opptekne av å finne gode løysingar og prøver så langt det let seg gjere å imøtekome ønskje om turnus og tilrettelegging. Medisin 3 har 25 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode moglegheiter for å utvikle brei klinisk kompetanse. Vi har fagsjukepleiarar innan alle fagområda, og satsar på fagleg utvikling gjennom fagdagar, internundervisning og læring i kvardagen.Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Her blir du ein del av ei inkluderande og engasjert kollegagruppe som støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg pasientbehandling. Kvardagen er prega av tett samarbeid i tverrfaglege team, der alle bidreg med sin kompetanse for å skape trygge og gode pasientforløp. Vi tilbyr tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt moglegheit for frivillige langvakter på vekedagar og helger. For dei som ønskjer det, kan langvakter gi arbeid kvar fjerde helg. Vi ønskjer å leggje til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Ønskjer du ein arbeidsplass der du blir sett, inkludert og utfordra fagleg? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi ser fram til å bli kjent med deg!Velkomen som søkjar – kanskje er det nettopp deg vi ønskjer med på laget vårt! Arbeidsoppgåver Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar Legemiddelhandtering Tverrfagleg samarbeid Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner Rettleiing av studentar og kollegaer Samhandling med kommunehelsetenesta Delta i forbetringsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt Du må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til...
Apply at HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKKSummary and match are AI-generated; verify details on the original posting.
Listed via EURES. All sources