Back to search

Rådgjevar/seniorrådgjevar - vilt

MILJØDIREKTORATET TRONDHEIM
NONorwegian26d ago

Om stillinga Miljødirektoratet er overordna viltmyndigheit, og har ansvar for forvaltninga av viltet. Forvaltning av villrein er eit satsingsområde med mange og store oppgåver. Vi kartlegg kunnskapsbehov, finansierer forsking og overvaking av tilstand og gir faglege råd om forvaltning av villrein og leveområda til villreinen. Vi har også ansvar for rettleiing for kommunar, statsforvaltarar og andre i spørsmål knytt til arealforvaltning og konsekvensutgreiing. Miljødirektoratet har ei sentral rolle i oppfølging av oppgåver med bakgrunn i stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og omfattar mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar. Stillinga er plassert i viltseksjonen, som er ein av sju seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av store rovdyr, fleire trua artar og villrein. Seksjonen har 15 tilsette og stillinga har kontorstad i Trondheim. Stillinga sine hovudansvarsområde Sakshandsaming av oppgåver knytt til stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Bidra i prosessar og oppgåver knytt til villrein, derunder samarbeid med andre seksjonar og andre sektorar. Sakshandsaming og rådgjeving i prosessar og oppgåver på seksjonen knytt til andre artsgrupper innan viltområdet. Kompetansekrav Kvalifikasjonar relevant høgare utdanning innan biologi på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå. relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis innan offentleg forvaltning god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god kjennskap til og erfaring med digitale saksbehandlingsverktøy god kunnskap om digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel Eigenskapar du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt du har pågangsmot, god rolleforståing og er fagleg trygg du har gode kommunikasjonsferdigheiter du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet Vi tilbyr fast stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar med lønn i lønnsspennet frå kr. 600 000 - 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare. ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og...

Apply at MILJØDIREKTORATET TRONDHEIM

Summary and match are AI-generated; verify details on the original posting.

Listed via EURES. All sources