Bioingeniør, bioingeniørstudent
Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2027. Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer ein spennande sommarjobb i laboratorietenesta. Praktisk informasjon Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027 , eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide. Dei som vert tilsett i sommarjobb, kan også få tilbod om ekstraarbeid i samband med høgtider og andre ferieperiodar. Om oss Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka, Vi legg til rette for at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og yte sitt beste. Bli med oss! Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har fleire sosiale aktivitetar gjennom året og ønskjer alltid nye kollegaer velkomne. Dette er ei felles utlysing for: Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) Mikrobiologisk avdeling Avdeling for patologi Har du ønske om å arbeide ved eitt bestemt laboratorium, kan du opplyse om dette i søknaden. Vi vil så langt det er mogleg ta omsyn til ønsket ditt, men vi kan ikkje garantere plass ved eit bestemt laboratorium. Praktisk informasjon Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide. Vi håpar du vil søkje og bli ein del av arbeidsmiljøet vårt! Arbeidsoppgåver Utføre analytiske- og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk Registrering av nye prøvar Kvalifikasjonar Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag. Personlege eigenskapar Påliteleg og arbeidsam Kunne arbeide i team Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Ein inkluderande arbeidsplass Bistand til å skaffe bustad #Sommarjobb #Sommarjobbivest #SommerjobbivestVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå...
Apply at HELSE FØRDE HF LAB - RØNTGEN FØRDESummary and match are AI-generated; verify details on the original posting.
Listed via EURES. All sources