IKT- konsulent laboratoriemedisin
Vil du bli vår nye kollega? Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin. Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi. Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank). Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit. Arbeidsoppgåver Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel. Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå Helfo Oppfølgingar av all elektronisk svarrapportering Vere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogram Vere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyr Koordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentar Vere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillar Oppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagt Andre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt Kvalifikasjonar IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagt Kjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andre Ønskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomi Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskeleg Må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er strukturert, målretta og løysingsorientert Du har gode samarbeids- og formidlingsevner Du har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskapar Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt...
Apply at HELSE MØRE OG ROMSDAL HF LABORATORIER/RADIOLOGI ÅLESUNDSummary and match are AI-generated; verify details on the original posting.
Listed via EURES. All sources