Back to search

Postdoktor innen global helse

UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET
NONorwegian6d ago

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin , fagområdet global helse, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor. Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Det er ønskeleg at eit slikt forskingsopphald skjer ved National Cancer Institute, Bethesda, Maryland, USA. Stillinga er knytt til Senter for forsking på mødre- og barnehelseintervensjonar (CISMAC) og er finansiert av Universitetet i Bergen. Stillinga har arbeidsstad i Bergen, men det må reknast med noko reiseverksemd. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga innan rimeleg tid etter tilsetjing. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: CISMAC gjennomfører studiar av helseintervensjonar som kan utjamne ulikskapar i helse. Livmorhalskreft er den nest vanlegaste årsaka til kreftrelatert død blant kvinner i fertil alder i låg- og mellominntektsland, men høg dekning med humant papillomavirus (HPV)-vaksinen kan eliminere sjukdommen. HPV-vaksinasjon er innført for aldersgruppa 9-14 år, men det ville gje store økonomiske og logistiske fordelar for helsetenesta over heile verda, og truleg færre motførestillingar blant foreldre, om HPV-vaksinen kunne bli gjeve saman med andre vaksinar i småbarnsalderen. Det finst ingen kunnskap om sikkerheit og langvarig immunitet etter HPV-vaksinasjon hos barn under fire år, men det er grunn til å tru at småbarn kan utvikle ein immunrespons som er minst like god som den hos eldre barn. I dette prosjektet skal vi gjennomføre ein randomisert kontrollert studie i Noreg for å undersøkje om HPV-vaksinering av småbarn er like trygt og effektivt som vaksinering av elevar i barneskulen (dagens praksis). Arbeidsoppgåver: Ta del i planlegging og gjennomføring av randomisert kontrollert studie på HPV-vaksinering av småbarn. Koordinere samarbeidet med helsestasjonane som vil få ansvar for rekruttering av deltakarar og vaksinering. Koordinere oppfølging og prøvetaking av deltakarane. Følgje opp deltakarar ved mistanke om biverknader. Analysere data og publisere funn knytt til tryggleiken og immunresponsen ved...

Apply at UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET

Summary and match are AI-generated; verify details on the original posting.

Listed via EURES. All sources