Back to search

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Sæbø skule

SÆBØ SKULE
NONorwegian3d ago

Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Sæbø skule i Alver kommune frå januar 2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027. Du kan lese meir om skulen her. Om Sæbø skule Sæbø skule er ein 1.-7.-skule i Alver kommune, idyllisk plassert i Austmarka på Radøy (ca. 15 min. frå Knarvik). Skulen har om lag 80 elevar, og eit engasjert personale som arbeider for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø, prega av trivsel, meistring og fellesskap. Med nærleik til naturen og gode uteområde legg vi til rette for aktiv læring, utforsking og utvikling for alle elevar. Arbeidsoppgåver planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse. Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer Oppfølging og rettleiing Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende. God pensjonsordning i Statens pensjonskasse Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om arbeidsgiveren: Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar...

Apply at SÆBØ SKULE

Summary and match are AI-generated; verify details on the original posting.

Listed via EURES. All sources