Back to search

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Seim skule

SEIM SKULE
NONorwegian4d ago

Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Seim skule i Alver kommune frå 01.01.2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon på 6.trinn. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027. Du kan lese meir om skulen her. Om Seim skule Seim skule er ein barneskule med 125 elevar og omlag 20 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida med fokus på leik, læring og meistring». Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10 minutt køyring frå Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og at utfordringar blir løyst i fellesskap. Arbeidsoppgåver planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse. Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer Oppfølging og rettleiing Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende. God pensjonsordning i Statens pensjonskasse Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om arbeidsgiveren: Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste...

Apply at SEIM SKULE

Summary and match are AI-generated; verify details on the original posting.

Listed via EURES. All sources