Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Michael Sars-senteret er det ledig ei stilling som postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo i Čapek-gruppa . Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Korleis kan fiskeembryo oppretthalde koordinert utvikling når temperaturendringar påverkar farten på molekylære og cellulære prosessar? Forskinga vår undersøkjer mekanismane som gjer embryoutvikling robust mot temperaturvariasjonar, og under kva forhold denne robustheita bryt saman. Vi kombinerer etablerte fiskemodellar med marine fiskeartar for å forstå korleis embryo frå ulike termiske miljø reagerer på temperaturendringar. Den tilsette skal undersøkje korleis temperatur påverkar utviklingsregulerande signalvegar og genuttrykk, og korleis desse responsane heng saman med spesifisering av cellelagnad, vevsorganisering og embryoutvikling. Arbeidet vil kombinere transkriptomiske eksperiment og bioinformatiske analysar med molekylære analysar, genomredigering og mikroskopi av levande og fikserte embryo. Eit sentralt mål er å knyte transkripsjonelle responsar til utviklingsmessige utfall og funksjonelt teste kandidatmekanismar for temperaturrobustheit. I tett samarbeid med gruppeleiar og andre medlemmer av forskingsgruppa skal den tilsette utvikle eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor denne ramma, basert på eiga fagleg kompetanse, vitskaplege interesser og eigne idéar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor utviklingsbiologi, molekylærbiologi, marinbiologi eller eit nærliggande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje Dokumentert forskingserfaring innan transkriptomikk, inkludert forsøksdesign, praktisk gjennomføring av eksperiment, bioinformatiske analysar og biologisk tolking av dei innsamla dataa, er eit krav Dokumentert forskingserfaring innan eksperimentell utviklingsbiologi er eit krav. Relevante metodar omfattar til dømes mikroinjeksjon, immunfarging,...
Apply at UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONENSummary and match are AI-generated; verify details on the original posting.
Listed via EURES. All sources