Back to search

Soneleiar Heimetenesta indre sone

Company
NONorwegian1d ago

Gode heimetenester handlar om å skapa tryggleik for menneske som bur heime – og om å gi medarbeidarane gode rammer for å gjera ein viktig jobb. No søkjer Vindafjord kommune ein soneleiar som vil leia medarbeidarane og vera med på å utvikla tenestene i indre sone. Her får du kombinera leiing, fag og utviklingsarbeid, og du blir ein del av leiarteamet i heimetenesta. Som soneleiar har du ansvar for dagleg drift, fag, personal og bidra til god økonomistyring. Du skal sikra forsvarlege tenester, leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god bruk av ressursane. Me ser etter deg som er trygg og tydeleg, samarbeider godt og finn løysingar når behova endrar seg. Stillinga er på dagtid, fast og i 100 %. Med ansvar for både heimetenesta og praktisk bistand i indre sone. Om oss Indre sone er ei av to soner i heimetenesta i Vindafjord kommnune. Indre sone gir heimetenester til innbyggjarar i Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland. Du får leia fleksible medarbeidarar med høg fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Me er opptekne av korleis velferdsteknologi kan gjera kvardagen betre for både brukarane og medarbeidarane. Som soneleiar får du vera med på å ta i bruk og utvikla nye løysingar. Kva får du jobba med hos oss? Leia og følgja opp medarbeidarane, mellom anna gjennom medarbeidarsamtalar, kompetanseutvikling og oppfølging av sjukefråvær. Planleggja og organisera den daglege drifta og følgja opp økonomi og ressursbruk. Sikra fagleg forsvarlege tenester og følgja opp kvalitets- og forbetringsarbeid. Delta i leiarteamet saman med andre leierar i heimetenesta. Planleggja, utarbeiding og følgja opp turnus, årsturnus og bemanning i samarbeid med medarbeidarar og tillitsvalde, i tråd med tenestebehov og gjeldande lov- og avtaleverk. Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi og rettleia medarbeidarane i bruk av nye løysingar. Sikra god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar. Ha ansvar for tilsetjing og oppfølging av støttekontaktar. Leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø. Det vil kunne bli tilført oppgåver etter behov. Rapportere til einingsleiar. Me kan tilby: Ei fast 100 % leiarstilling med varierte oppgåver. Moglegheit til å påverka organiseringa og utviklinga av heimetenesta. Samarbeid med engasjerte kollegaer. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og...

Apply

Summary and match are AI-generated; verify details on the original posting.

Listed via EURES. All sources